Barn & Golf
Sunnfjord Golfklubb vil også i 2013 tilby Barn & Golf-treningar. Opplegget er tilpassa golf for barn i alderen 6 til 12 år.
Torsdag 30.mai startar vi oppatt golftrening for barn. For informasjon og påmelding ta kontakt med Arvid Årseth på mob: 91 14 14 86 (etter kl. 17) eller på e- post: arvid.arseth@enivest.net
Pris for heile sesongen er kr 500,-. Treningsavgifta betalar du inn på klubben sitt kontonummer: 3705.02.47350. Hugs å føre på namn på barnet.
Dei som ikkje har utstyr, får låne dette av klubben på treningane.
Vi har to treningstider; ei gruppe frå kl. 18.00 til 19.00 og ei frå kl. 19.15 til 20.15. Alle treningsdatoane i 2013: 30. mai, 6. juni, 13. juni, 17. juni, 20. juni, 8.aug, 15.aug, 22. aug, 29.aug, 5.sep og 12. sep. Juli månad er treningsfri.
Vi sjåast!
Juniortrening
Juniortrening startar måndag den 27.mai. For informasjon og påmelding ta kontakt med Arvid Årseth på mob: 91 14 14 86 (etter kl. 17) eller på e- post: arvid.arseth@enivest.net.
Pris for treningane er kroner 500,- for heile sesongen. Treningsavgifta betalar du inn på klubben sitt kontonummer: 3705.02.47350. Hugs å føre på namn på barnet.
Dei barna som ikkje har utstyr, får låne dette av klubben på treningane.
Vi har to treningstider; ei gruppe frå kl. 18.00 til 19.00 og ei frå kl. 19.30 til 20.30.
Alle treningsdatoane i 2013: 27. mai, 3. juni, 10. juni, 17. juni, 24. juni, 5.aug, 12.aug, 19. aug, 26.aug, 2.sep og 9. sep. Juli månad er treningsfri.
Turneringsprogram 2013
Sjekk Golfbox for turneringar i 2013 – eller klikk ‘Turneringar’ her på sida! Sjølv om det framleis er kvitt på bana, så har vi starta tanken på ein ny golfsesong:) Turneringskomiteen har laga eit fyldig turneringsprogram.
Vi minner også om at det som regel er plass til andre spelarar også dei dagane det er turneringar. Her er det uslåelege tipset: Bruk Golfbox til å bestille tid.
I år består turneringskomiteen av Arnar Helgheim, Ewa Sonesson, Inger Jorun Årseth og Donovan Goosen.
Scrambleturnering på laurdag
Laurdag kl 12 køyrer vi årets første turnering i Scramble-format!
Scramble er eit kjekt format for å komme i gang med sesongen. Alle slår ut, laget vel beste ball og spelar vidare derifrå. Same på 2. slag og vidare til ballen er i holet. Meld deg på i Golfbox og ta gjerne med golfvennar!
Opning onsdag kl 16
Banesjefen vil opne bane og driving range onsdag 08.05.2013 kl 16!
Ved evt nytt snøfall blir det sjølvsagt revurdert. Bana er fortsatt våt med litt tele i bakken og eigentlig ikkje klar for opning, men vi har lyst å la folk komme i gang.












