Slider
Slider
Slider
Slider
Golf – ein perfekt aktivitet for dei yngste

Sunnfjord Golfklubb tilbyr kvart år fellestrening på fleire nivå - Barn & Golf og Juniortrening - for barn og unge i alle aldrar.

Ta kontakt for meir informasjon!

Juniortrening startar måndag 27. mai. To grupper - ei frå kl 18 til kl 19 og ei frå kl 19.30 til kl 20.30. Vel møtt!

Barn & Golf (6-12 år) startar torsdag 30. mai. To grupper - ei frå kl 18 til kl 19 og ei frå kl 19.15 til kl 20.15. Vel møtt!

Slider

Golfkurs – VTG

Sunnfjord Golfklubb inviterer til årets første VTG-kurs. Vi køyrer helgekurs, som inneber intensiv trening og spel fredag til søndag, og så er du ferdig “utdanna” golfar!

Fredag 31. mai kl 18 – 21 – svingteknikk og nærspel
Laurdag 1. juni kl 10 – 15 – oppfølging og spel på bane
Søndag 2. juni kl 10 – 14 – oppfølging og spel på bane

Deltakarane MÅ vere med på alle 3 dagar for å få godkjent kurs.

Send påmelding på epost

Barn & Golf

Sunnfjord Golfklubb vil også i 2013 tilby Barn & Golf-treningar. Opplegget er tilpassa golf for barn i alderen 6 til 12 år.

Torsdag 30.mai startar vi oppatt golftrening for barn. For informasjon og påmelding ta kontakt med Arvid Årseth på mob: 91 14 14 86 (etter kl. 17) eller på e- post: arvid.arseth@enivest.net

Pris for heile sesongen er kr 500,-. Treningsavgifta betalar du inn på klubben sitt kontonummer: 3705.02.47350. Hugs å føre på namn på barnet.

Dei som ikkje har utstyr, får låne dette av klubben på treningane.

Vi har to treningstider; ei gruppe frå kl. 18.00 til 19.00 og ei frå kl. 19.15 til 20.15. Alle treningsdatoane i 2013: 30. mai, 6. juni, 13. juni, 17. juni, 20. juni, 8.aug, 15.aug, 22. aug, 29.aug, 5.sep og 12. sep. Juli månad er treningsfri.

Vi sjåast!

Juniortrening

Juniortrening startar måndag den 27.mai. For informasjon og påmelding ta kontakt med Arvid Årseth på mob: 91 14 14 86 (etter kl. 17) eller på e- post: arvid.arseth@enivest.net.

Pris for treningane er kroner 500,- for heile sesongen. Treningsavgifta betalar du inn på klubben sitt kontonummer: 3705.02.47350. Hugs å føre på namn på barnet.

Dei barna som ikkje har utstyr, får låne dette av klubben på treningane.

Vi har to treningstider; ei gruppe frå kl. 18.00 til 19.00 og ei frå kl. 19.30 til 20.30.

Alle treningsdatoane i 2013: 27. mai, 3. juni, 10. juni, 17. juni, 24. juni, 5.aug, 12.aug, 19. aug, 26.aug, 2.sep og 9. sep. Juli månad er treningsfri.

Turneringsprogram 2013

Sjekk Golfbox for turneringar i 2013 – eller klikk ‘Turneringar’ her på sida! Sjølv om det framleis er kvitt på bana, så har vi starta tanken på ein ny golfsesong:) Turneringskomiteen har laga eit fyldig turneringsprogram.

Vi minner også om at det som regel er plass til andre spelarar også dei dagane det er turneringar. Her er det uslåelege tipset: Bruk Golfbox til å bestille tid.

I år består turneringskomiteen av Arnar Helgheim, Ewa Sonesson, Inger Jorun Årseth og Donovan Goosen.