|
Flott innsats på Ladies Tour |
|
|
mandag 21. juni 2010 09:43 |
|
Ewa Sonesson, Lena Årseth og Inger Jorun Årseth representerte klubben med glans på Ladies Tour 19. og 20. juni. Lørdag opna trioen litt forsiktig på Fana, før det løsna skikkeleg søndag på Bergen GK med 1. plass til Ewa, 4. plass til Lena og 7. plass til Inger Jorun i dei respektive klassane. Gratulerer!
Resultat - Bergen – Resultat - Fana |
|
ESSS-liga på Selje GK |
|
|
søndag 20. juni 2010 21:06 |
|
3. runde av ESSS golfliga vart spelt på Selje Golfklubb (par 60) søndag 20. juni. Etter to dagar med forferdelig regn og vind, var bana litt våt, men ellers kjempefin. I dag hadde vi sol og fint vær og det var mykje bra golf.
Sunnfjord GK fortsetter med fin form i A-liga og vann i dag med 15 slag over Sandane GK, med Selje 1 slag lenger bak på 3. plass. Samanlagt leder Sunnfjord no med 27 slag over Sandane med ein runde igjen. Donovan Goosen hadde dagens beste runde med 69 slag, fulgt av Harald Berstad (Selje) med 75 og Ole Jacob Bye med 77.
I B-liga var det Selje som imponerte og vann med 12 slag over Nordfjord, med Sunnfjord 2 slag lenger bak. Anne Marie Dahl frå Selje hadde dagens beste runde i B-liga med 77 slag > 56 slag netto (4 under par). Kjempebra! For Sunnfjord it was Dylan Goosen who impressed with a very good 63 nett (3 over par). Samanlagtleiar etter 2 runder, Sandane GK, hadde ikkje dagen og mista dermed leiinga. Nordfjord leiar no samanlagt, 8 slag foran Sunnfjord.
Takk til Selje for fin servering, med kaffe og vafler på plass for svoltne spelarar.
Samanlagttabell på www.goosengolf.com, dagens resultat: A-liga og B-liga. |
|
|
Fellestrening for juniorar |
|
|
søndag 02. mai 2010 09:46 |
|
Trening for juniorar 13-19 år kvar måndag gjennom heile sesongen frå kl 18 - 19. Oppstart 31. mai. Pris kr 500 for heile sesongen. Dette inkluderer lån av utstyr til treningane og ei lita overrasking. Påmelding til: Inger Jorun Årseth - e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
- tlf: 95 23 52 87.
Juniortrening er open for alle juniormedlemmar i klubben, uansett nivå. Ta gjerne med venner som har lyst å prøve golf, så hjelper vi dei gjennom "Veien-til-Golf"-kurs. |
|
Gratulere juniorar |
|
|
fredag 21. mai 2010 13:11 |
|
Gratulere til alle juniorar som har vore aktiv i klubbturneringar fram til no. Turneringar gi deg kjempebra erfaring og på same tid kan du lære av meir erfarne spelarar. Turneringsrundar er alltid tellande rundar (avhengig av format) så det hjelpe oss å kartlegge kvar enkelt spelar sin no-posisjon og regulere handicaps.
Gratulere til Martin Hjelle med 86 slag og 47 poeng i par turnering, laurdag 15.mai. |
|
|
ESS Liga på Sandane GK |
|
|
søndag 23. mai 2010 20:12 |
|
Etter første runde av ESS Liga er det Sandane som leder A-Liga (brutto slagspel - uten handicap) og Nordfjord som leder B-Liga (netto slagspel - med handicap). Sunnfjord spelarar var solid og vi er fint passert i angrepsposisjon :-) Med flott spel på heimebane leder Sandane A-Liga med 5 slag fram for Sunnfjord, og med ein bra innsats frå Nordfjord leder dei B-Liga med 2 slag over Sunnfjord. Andre runde blir spelt på Nordfjord GK søndag 6.juni. Deretter er det Selje GK og Sunnfjord GK som står for tur.
Her finn du lag-og individuelle scores i Golfbox: A-Liga
B-Liga |
|
Torsdagar kl 17:45 - kl 20: Driving range stengd |
|
|
mandag 17. mai 2010 22:25 |
|
Kvar torsdag frå 20. mai til midten av september vil Barn & Golf ha faste treningar. For å oppretthalde tryggleiken og sikre fullt utbytte av treninga vil derfor driving range vere stengd for medlemmer og besøkande kvar torsdag frå kl 17:45 - kl 20. Takk for at du viser omsyn! (Bana vil sjølvsagt vere open for spel.) |
|
|
|
|
|