|
Driving range stengd torsdagar kl 18 - 19 |
|
|
søndag 26. juli 2009 17:05 |
|
Driving range vert stengd kvar torsdag frå kl 18 til 19 grunna Barn og golf-trening. |
|
Cross country golf |
|
|
lørdag 18. juli 2009 21:44 |
|
Laurdag 18. juli var det "Cross country" golfturnering. Det vart spelt på kryss og tvers på bana, påbudt besøk i bunkarar og mykje anna moro, alt i eit Scramble format over 10 hol. Bilde av bana finn du her Donovan og Thomas Fraas vann med 34 slag og Torgeir Årdal, Gunnar Hansen og Terje Tveit kom på 2. plass med 36 slag. |
|
|
Minneord om Per Eggen |
|
|
torsdag 02. juli 2009 18:44 |
|
Det var med sorg vi fekk melding om at Per Eggen er død. Per var ein av dei som var veldig ivrig og ei stor støtte då klubben starta byggjing av golfbana i Øygardsmyrane. Per var ein entusiast og alltid hyggeleg å treffe på bana, alltid klar med hjelp om reglar og golfhistorikk. Per vil bli sakna av alle som var heldig nok til å bli kjent med han. Vår medkjensle til næraste - Cecilie, Johan Christian, Gerd Cecilie og familie Styret og medlemmane i SunnFJORD GOLFklubb |
|
Barn og Golf |
|
|
torsdag 16. april 2009 09:37 |
|
På grunn av stor pågang kan vi dessverre ikkje ta imot fleire påmeldingar til Barn & Golf-gruppa i år.
Det står til og med fleire på venteliste, og vi er imponert over den gode responsen. Veldig kjekt!
Sunnfjord Golfklubb tilbyr også i 2010 Barn & Golf-treningar. Opplegget er tilpassa golf for barn i alderen 6 (fyller år i 2010) til 12 år. Barn og Golf vil ha faste treningar kvar torsdag frå 18 til 19 og frå 19 til 20. Opplegget går gjennom heile sesongen frå mai til september med unntak av to eller tre veker ferie. Første trening vert 20. mai.
|
|
Les meir …
|
|
|
Oppstart av ungdomsgruppe |
|
|
onsdag 10. juni 2009 09:41 |
|
Måndag 15. juni kl 19 i klubbhuset på golfbana. Ungdomsgruppa er for aldersgruppa 11/12 - 16 år. Vi møtast måndagar fra 19.00 til 20.30 heile sesongen - 4 veker ferie.
|
|
Les meir …
|
|
Hjelp klubben med rekrutteringa! |
|
|
søndag 24. mai 2009 12:22 |
|
Alle Sunnfjord GK-medlemmer med kvitt kort har høve til å ta med seg ein person (utan grønt/kvitt kort) ut på bana inntil to gonger for å prøve golf. Meld frå til Donovan før de går ut, og hugs å registrere runda som vanleg. |
|
|
|
|
|