|
DN Golf og Fylkesmeisterskap |
|
|
mandag 14. september 2009 19:20 |
|
Odd Anders og Ole Christian til Skottland!
Ole Christian Åsen og Odd Anders Vie gjorde ein kjempegod innsats i DN Golf. I delfinalen på Ålesund GK si bane vann dei 2. klasse og er dermed kvalifisert til landsfinalen. Finalen går i St Andrews i Skottland. Vi ønskjer dei lukke til!
Fylkesmeisterskap på Sandane
Sunnfjord GK stilte med 9 deltakarar i fylkesmeisterskapen. Vi stilte med deltakarar i klassane herrar, damer, herrar senior og herrar junior. Inger Jorun Årseth vart nr 2 i dameklassa og Jan Hansen nr 2 i herrear senior.
Donovan Goosen delte 1. plassen i herreklassa medan Arnar Helgheim vart nr 4. Junioren Sigmund Bjørgan frå Selje vart fylkesmeister for herrar med Donovan på delt tredjeplass.
|