Bildegalleri


Støtt Sunnfjord GK via Norsk Tipping E-post
onsdag 11. februar 2009 11:27

Grasrotandelen

No kan du som spelar hos Norsk Tipping bestemme at Sunnfjord Golfklubb skal motta eit beløp som tilsvarer fem prosent av innsatsen din. Send SMS til 2020 med innhaldet: GRASROTANDELEN 980518043  Denne ”Grasrotandelen” går ikkje utover innsatsen eller premien din, men kjem i tillegg til det du spelar for. Det har ingenting å seie om du taper eller vinn på spelet ditt. Du blir heller ikkje belasta noko for å vere grasrotgjevar. 

Har du for eksempel spelt for 100 kroner på Lotto gjev Norsk Tipping fem kroner som går direkte til den mottakaren du sjølv har plukka ut – Sunnfjord Golfklubb. Premien din blir like stor.

Ordninga har tilbakeverkande kraft frå 1. januar. Dermed vil klubben òg vil motta ein del av det du har spelt for so langt i 2009, straks du oppgjer Sunnfjord Golfklubb som mottakar etter 1. mars.Spelekortet til Norsk Tipping er sjølve nøkkelen til Grasrotandelen. Du må altså spele registrert for å kunne gje inntil fem prosent av innsatsen din til Sunnfjord Golfklubb.Grasrotandelen gjeld alle spel hos Norsk Tipping, med unntak av Flax og Extra.

 

Frå og med 1. mars gjer du det på ein av desse fire måtane:
• Send SMS til 2020 med innhaldet: GRASROTANDELEN 980518043
• Du kan gjere det direkte i tippedisken hos kommisjonæren, på internett, på mobilen og på speleterminalane. Då søkjer du opp Sunnfjord Golfklubb som mottakaren du vil støtte, og aktiverer klubben som grasrotmottakar av innsatsen din.

• Du kan oppgje organisasjonsnummeret til Sunnfjord Golfklubb - 980 518043 - hos kommisjonæren, eller taste det inn om du spelar elektronisk.
• Du kan og søkje fram Sunnfjord Golfklubb på norsk-tipping.no. Der skriv du ut ein eigen blankett med strekkode på. Denne tar du så med deg til ein kommisjonær for registrering, og dermed sørgjer du for at det drypp litt på klubben din kvar gong du leverer ein Lotto-kupong eller eit anna spel hos Norsk Tipping.

Sunnfjord Golfklubb oppmodar alle medlemer om å aktivere klubben som grasrotmottakar! Få gjerne vener, familie og andre kjende til å gjere det same.

 

 

 

 

 

Banestatus

  Bane: Open
  Range:

Open

(Range stengd torsdagar kl 17.45 - 20)

Bidra via Norsk Tipping

Grasrotandelen

Send SMS til 2020:
GRASROTANDELEN 980518043

Meir informasjon

Banefond

Informasjon
Saldo: 68.000 kr
Sunnfjord Golfklubb, Powered by Joomla! and designed by SiteGround web hosting, edited by Thomas Fraas