| Banefond |
|
| fredag 13. mars 2009 12:05 |
|
No kan du vere med på å forme framtida til Sunnfjord Golfklubb. Har du lyst på store, fine greenar, meir utfordrande bunkarar og ei generelt betre bane?
2009 blir ein spennande sesong for klubben med ombygging av greenar på hol 1, 2 og 3. Klubben vil gjerne bygge om greenen på hol 9 óg, men det finnes rett og slett ikkje pengar i budsjettet til det. Mange golfklubbar i Norge slit med dårleg økonomi, og Sunnfjord GK er ein av dei.
På årsmøtet vart det diskutert eit opplegg der bedrifter, medlemmer eller venne-grupper kunne gi pengar til eit banefond. Desse pengane skal ikkje bli brukt til drifts- eller vedlikehaldskostnader, men skal kun brukast til forbetring av bana.
Ny green på hol 9 er første prioritet, og deretter prioriterast utviding av greenane på 1, 2, 3 og 9 og på same tid forma dei litt med nye bunkarar der det trengst. Dette for å gjere bana meir spennande og greenane litt større og finare.
Mange på årsmøtet syntest det var eit kjempegodt forslag. Leiv Årseth og Ronald Fransson forplikta seg med ein gong til å gi kr 5000 kvar til banefondet (Leiv i form av arbeidstimer på bana). GoosenGolf v/Donovan Goosen, Ole Jacob Bye (ny styreleiar) og Reidar Tysse er like ivrige og har også gitt kr 5000 kvar til fondet.
Donovan kom med eit forslag om eit slags "stein/skilt" man kan kjøpe til ein bestemt pris der du kan skrive ditt namn eller firmanamn på - noko som har vore ein stor suksess i golfklubbar i utlandet. Styret har bestemt seg for å selge tre-skilt som skal plasserast på veggen på klubbhuset til kr 5000 pr stk. Disse skilta kan kjøpast av enkeltpersonar, bedriftar, familie, venner eller grupper. Dersom 2 eller 5 personar vil kjøpe eit skilt i lag er det sjølvsagt heilt greit. Mindre beløp tar klubben også gjerne imot. Alt går inn på den nyoppretta bankkontoen til banefondet.
Ta kontakt med Donovan eller styret for meir informasjon. Innbetalingar til banefond kan gjerast til konto nr 3705 03 30851. Ver venleg å skrive namn på innbetaling. Dersom du ynskjer å bidra anonymt, treng du ikkje å skrive namn.
Dess meir pengar vi klarer å samle inn til banefondet, dess betre blir bana di. Klubben vil gjerne tilby ei best mogleg golfbane, men vi treng bidrag frå dykk. Klubben klarer det ikkje ut i frå drifta åleine!
|





