Vi håpar å starte sesongen med opningsscramble 1. mai kl 11.00! Det blir 18 hol stableford laurdag 7. mai og første kveldsgolf 12. mai. Sjå turneringane i Golfbox.
Veien til Golf-kurs 2022
No kan du eller nokon du kjenner begynne med golf. Meld deg på eit VTG-kurs i dag! Sunnfjord Golfklubb i samarbeid med Årseth Golf har satt opp kursdatoar for 2022:
- 6. – 8. mai (FULLT)
- 9. – 11. mai (midtvekekurs) (FULLT)
- 20. – 22. mai (FULLT)
- 10. – 12. juni
- 12. – 14. august
- 16. – 18. september
Vi set fortløpande opp fleire kurs ved behov. Følg med på Sunnfjord GK sine Facebook-sider – der finn du alle våre kurs.
Klikk her for meir informasjon om VTG-kurs
Påmelding til Årseth Golf v/ Arvid Årseth på: arvid@arsethgolf.no eller mobil 91 14 14 86. Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt.
Styremøte 17.3.22
Det nye styret hadde første møte 17. mars. Arbeidet med påbygg er i rute der Magne og Anya følgjer opp for styret. Klubben inngår skriftleg avtale med,Dvergsdal og Sunde ved Narve Dvergsdal om prosjektet. Til hausten vert det innflytting og jubileumsmarkering då klubben er 30 år!

Årsmøte – referat
Klubben hadde årsmøte på Sunnfjord hotel 3. mars. Møtet hadde sjølvsagt dei vanlege årsmøtesakene om årsmelding, rekneskap, budsjett og val. Vi kan vel likevel seie at den viktigaste saka i dette møtet var “Heilårsanlegget”. Her vart det vedteke oppstart med naudsynte fullmakter til styret for tilbygg av klubblokale med simulator og lager / garasje. Møtet presiserte også at prosjektet må gjerst ferdig med løftebukk og anna naudsynt inventar i same omgang. Investeringsråma er sett til kr 5 millionar.

Årsmøte 3. mars – dokument
Det blir årsmøte i Sunnfjord golfklubb den 3. mars kl 19.00 på Scandic Sunnfjord hotel.
Dokument til møtet
Kjære alle golfvener!
Når 2021 er på hell, er det tid for å oppsummere og dele tankar om framtida.
Julehelsing frå styreleiar Magne Stubhaug


Frist for medlemskapsendring: 31.12.2021
Vi minner om at dersom nokon ynskjer å endre sin medlemskapskategori i Sunnfjord Golfklubb eller melde seg ut, må dette skje innan 31.12.2021.
Mvh
Dagleg leiar
Leiv Årseth
Spennande utvikling!
Sunnfjord golfklubb har i mange år hatt ei positiv utvikling. Bane og andre fasilitetar har gradvis vorte forbetra og det har vore mange spelarar på bana. Dei to siste åra har det verkeleg skote fart og klubben har fleire spennande prosjekt på gang. Vi kjem difor med ei lita oppdatering etter styremøte 1. desember.

Tilbygg på klubbhuset
På årsmøtet sist vinter fekk styret i oppdrag å ta opp att planane om påbygg av klubbhuset. Som kjent, er det fleire grunnar til at dette er eit behov: Betre simulatorforhold er viktig for at medlemane har eit heilårstilbod på klubben. Garasje og lager med meir er naudsynt for at klubben skal stette krav til helse, miljø og tryggleik for tilsette og dugnadsarbeidarar.
Byggenemnd med Magne Stubhaug, Arne Lesto og Narve Dvergsdal har jobba med prosjektet og la fram grovkalkyle på ca 3 millionar kroner. Dei jobbar vidare med spesifikasjonar, kalkyle og finansiering og så kjem dette opp som sak i komande årsmøte! Det ligg til rette for rask oppstart av byggeprosjektet.
Skilting og nettside
Vi arbeider med full oppgradering av skilting på bana og ny nettside. Kai Vidar Nygård og Presense Konsult ved Stian Evebø har arbeidd fram skisse til korleis dette kan gjerast og arbeidet går vidare med:
- Informasjonsskilt ved klubbhuset / parkering
- Informasjonsskilt ved kvart utslag
- Nye tee-markørar med holsponsor
- Vegvisarskilt som «neste tee» med meir
- Heilt ny nettside
Kai Vidar Nygård har gjort ein stor jobb med sponsorarbeid denne hausten og dette heng saman med planane ovanfor. Vi gledar oss over responsen og det blir kjekt å kunne presentere samarbeidspartane godt både på bana og nettsida!
Sportsleg satsing
Vi er så heldige at klubben har fleire unge spelarar som konkurrerer på høgt nivå både nasjonalt og internasjonalt! Positiv utvikling i drift og økonomi gjer at styret legg opp til at klubben bidreg med støtte ved deltaking i turneringar på nasjonalt nivå.
Bana er vinterstengt
Det har vore ein lang og god sesong på bana vår. No er det kome ein god del snø og dermed er flagg og markeringar tekne ned for sesongen.
Vi takkar medlemar og gjester for sesongen⛳️🏌️ -Minner samstundes om innegolf med Trackman i klubbhuset! Bestill tid i Golfbox også der.
Simulator i klubbhuset
Vi er no klare til å starte simulatorsesongen med heilt ny simulator av typen Trackman 4. Dette er det beste og nøyaktigaste på markedet. Sjølv om vi har oppgradert simulator beheld vi prisane for våre trufaste medlemmer.
Klubben jobbar aktivt med planar om eit nybygg som skal gjere fasilitetane betre og tryggare. Men vi har allerede jobba ein del med noverande lokale for at det skal bli tryggare.
Prisar
- Kvardagar før 16.00 kr. 150,-
- Etter kl. 16.00 og helg kr. 200,-
- Årskort kr. 3500,- (maks 2 timar per dag)
- Junior elite – ta kontakt med Leiv for avtale, post@sunnfjordgk.no
- Spelar ein med årskort i lag med ein som ikkje har årskort, skal den som ikkje har årskort betale for halvparten av tida.
Booking
- Golfbox på samme måte som bane ute, velg simulator istadenfor bane.
Betaling med Vipps.
- Vi har lagt inn kun heile timar og årskort. Skal tre personar dele på å betale for to timar, må ein av dokke betale golfklubben og gjere opp internt.
- Vipps #687992
Tilgang
- Nøkkel kan ein hente på YX bensinstasjon på Jølstraholmen.
Ballar
- Ein skal kun bruke nye, reine og heile ballar i simulator. Dette for å hindre skade på lerret.
Baner
- 125 baner tilgjengelig per no
- Kjem i snitt tre nye baner i månaden
- 35 av banene blir brukt på Europa eller PGA tour. Valderrama, Old Course, PGA National, Muirfield, Royal St Georges, Royal Portrush, Innisbrook, Royal Birkdale, Le golf National, Wentworth.
- TrackMan Golf Simulator Courses
Turneringer
- Det er mulig å delta i virtuelle Trackman turneringer online
App
- Du vil ha runden(e) og slagene dine tilgjengelig på mobil app i ettertid.
Range / trening (for dei spesielt interesserte)
- Trackman
leverer tall på det meste når det gjelder din sving.
- Lengde og retning på slag
- Køllehastighet, ballhastighet
- Spor kølle, vinkel på kølleblad i trefføyeblikk
- Angrepsvinkel kølle
- Utgangsvinkel ball
- Spin
- Etc.
- Øvelser
- Closest to pin, cover the flag, longest drive etc.
Oktobergolf
Det nærmar seg avslutning av golfsesongen. Turneringskomiteen har sett opp 18 hol oktobergolf lørdag 23.10. Vi følgjer med på vermeldingane og set opp turneringar også etter dette om tilhøva held seg gode. Med litt hell blir det novembergolf også slik som i fjor…
Bildet er frå oktobergolf søndag 17.10. der vi både hadde flott vér og supre baneforhold.

Stengt ved frost!
Vi er komne inn i den tida det er fare for frost. Det er viktg at alle respekterer at bana er stengt når det er frose! Trakking på frosne greenar kan føre til langvarig skade!

Nattgolf 2. oktober
Peppes Pizza og Sunnfjord golfklubb arrangerer nattgolf laurdag 2. oktober. Vi startar med mat, konkurransar og sosialt samvær kl 19.00. Kl 20.30 reknar vi med at mørket har senka seg og det blir shotgunstart for 9 hol scramble med 4 på kvart lag.
Meld dykk på i Golfbox som lag eller enkeltvis. Vi ordnar lag for alle.
Bilda er frå nattgolfen 2020.

Er du mellom 6-15 år og har lyst å prøve golf?
Vi ønsker deg velkommen til Sunnfjord Golfklubb hvor engasjerte trenere er klare for å ta i mot flere barn. Er du nysgjerrig på hva dette er og har lyst å prøve, tilbyr vi første kurskveld gratis!

Alder 6-10 år: torsdag 19 august kl 1800-1900
Alder 11-15 år: torsdag 19. august kl 1930-2030
(Siste treningsdag blir torsdag 23.september)
Pris kr 300 – betales via Vipps til klubben etter første kurskveld.
Påmelding til Arvid Årseth – arvid@arsethgolf.no
Ønsker du mer informasjon ta gjerne kontakt med Arvid på mobil: 91 14 14 86.
Dette blir gøy!
Haustsesongen
Turneringar i haustsesongen:
Vi har no lagt haustprogrammet ut september i Golfbox. Det blir kjende format for dei fleste. Mellom anna blir det gjensyn med CrossCountry Golf.
Vi satsar også på laurdags- eller søndagsgolf i oktober. -Kjem tilbake til dette når det nærmar seg.
Om du har spesielle ønskje om starttid i ei turnering, så kontaktar du berre ein av oss i turneringskomiteen. Det meste ordnar vi😊
-Det er både kjekt, sosialt og passe utfordrande å spele turneringsgolf!
Lufting og dressing av greenar
I dag (12.7.) vert greenane lufta og dressa. Som de skjønar kan dei vere litt ulike men bana er open. Det kan bli litt venting der banemannskapet jobbar. Greenfee for gjestespelarar er redusert til kr 200 resten av dagen.
Turneringar – oppdatering
I dag er vi komne til jonsokafta og går mot slutten av vårsesongen for turneringar.
På grunn av covid, vart dei første turneringane avgrensa til Sunnfjord kommune. Det var kjekt at vi frå pinsehelga kunne invitere alle til turneringsspel!
Søndag 27. og tysdag 29. juni er dei siste turneringane på vårprogrammet.
Juli månad er feriemånad også for oss i turneringskomiteen. Men: Følg med i Golfbox og på Facebook for om ver og ferieplanar passar, så kan det dukke opp turneringar då også.
Klubbmeisterskap vert 21. og 22. august med kåring av klubbmeistrane i slagspel. Dei 16 beste uansett klasse kvalifiserer seg til matchspel.
Resten av haustprogrammet kjem snart!
Veien til Golf-kurs 2021
No kan du eller nokon du kjenner begynne med golf. Meld deg på eit VTG-kurs i dag! Sunnfjord Golfklubb i samarbeid med Årseth Golf har satt opp dei første kursdatoane for 2021:
- 23. – 25. april
- 7. – 9. mai
- 28. – 30. mai
- 13. – 15. august
Klikk her for meir informasjon om VTG-kurs
Påmelding til Årseth Golf v/ Arvid Årseth på: arvid@arsethgolf.no eller mobil 91 14 14 86. Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt.
Årsmøte mandag 15. mars
Sunnfjord GK hadde årsmøte:
Mandag 15. mars på Thon Hotel Førde.
Kjære golfentusiast!
På vegne at styret ynskjer eg å takke for eit strålande golfår i 2020!
I annleis-året der mange har hatt det vanskeleg, så har golf blitt ein særs viktig arena for å halde seg i fysisk aktivitet og treffe andre i trygge omgjevnader. Den naturlige social-distancingen i golf har gjort det til ein av få idrettar som har fått eit krafig oppsving i korona-tida.
Det er mange som har lagt ned ein stor innsats for å drive klubben. Sjølv om vi har nokre uvurderlige faste tilsette, er det fortsatt slik at Sunnfjord Golfklubb i stor grad er ein dugnadsbasert klubb. Utan engasjement og innsats frå medlemmene våre så stansar utviklinga opp, og den sosiale arenaen vil svinne. Eg takkar kvar einskild for den innsatsen du har gjort for fellesskapet i år.
Klubben har sett mange rekorder i 2020. Det skal vi summmere opp skikkelig på eit seinare tidspunkt. Men eg vil nemne ny rekord i tal VTG-kurs, ny rekord i tal registrerte runder, ny rekord i tal greenfee-spelarar. Dette gjev utslag i at klubben vil kunne levere eit anstendig økonomisk resultat. Det er viktig, for vi har stadig investeringar som må gjennomførast no og framover.
I skrivande stund er det 19. desember. Gradestokken viser 14 grader (!) og for første gang arrangerer vi ei turnering i desember månad! På sommer-greener!! Om vi skal legge vekk bekymringar for klimaet ein liten augneblink så kan ialle fall vi golfspelarar gle oss over at vinteren blir litt kortare på denne måten.
Eg vil ynskje alle medlemmer i Sunnfjord Golfklubb, sponsorar og støttespelarar ei riktig god jul og eit godt nytt år! Vel møtt i 2021!
Ingrid Stavang – Styreleiar Sunnfjord Golfklubb –
